Ole Rasmusson Sollid

Ole Torstein Rasmusson Sollid (3. januar 17938. juli 1873) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ørskog.

Ole Rasmusson Sollid
Fødd 3. januar 1793
Død

8. juli 1873 (80 år)

Yrke bonde, politikar

Sollid var frå garden Nedre Sollid i Ørskog. Han var 1811-18 skulehaldar i heimbygda. Då han slutta som lærar vart han gardbrukar på farsgarden, garden dreiv han til 1861. I 1822 vart han forlikskommissær, eit verv han hadde til han døydde 51 år seinare.

Sollid var valmann ved alle stortingsval i perioden 1833-59, med unnatak av valet til 1856-forsamlinga. På fyrste valmannssamlinga han deltok i, vart han vald til å representere Romsdals amtStortinget, sameleis i 1836 og på det overordentlege stortinget 1836-37 og i 1839. Han var medlem av bankkomiteen. Sollid var 1838-39 fyrste ordføraren i Ørskog, og på ny i 1844-45. Han møtte elles mange år i heradstyret.

KjelderEndra