Ole Solbakken
Ole Solbakken (17. mai 1911–7. juni 1986) var ein norsk biletkunstnar.
Ole Solbakken | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mai 1911 Stranda kommune |
Død |
7. juni 1986 (75 år) |
Yrke | kunstmålar, kunstlærar |
Ole Solbakken var fødd på Stranda, og budde og virka både i Oslo, Bærum og Stranda. Solbakken fekk stipend frå Statens Opplæringsfond i 1934 og blei teken opp på Statens Håndverks- og kunstindustriskole same år. Elev og assistent under Per Krohg 1935-1950 og Axel Revold. Restaureringsarbeider og konservator i Oslo kommune 1944-1979. Lærar i freskoteknikk på Statens kunstakademi, Oslo 1950-1965.
Ole Solbakken var ein av kunstnarane som utsmykka dei store freskomaleria i Oslo rådhus og assisterte Krogh m.a. på fresken Byens og dens oppland. Andre eksempel på Solbakkens utsmykkingsarbeider er partiet over inngangsdøra på kapellet på Vår Frelsers gravlund i Oslo som blei dekorert av Ole Solbakken i 1969. Han har også utsmykka offentlege bygg i Stordal, Stranda og Ørskog på Sunnmøre. Solbakken måla også landskapsåleri og portrett i olje og gouache.
Referansar
endre- Gjerde, Asbjørn. Kustnaren Ole Solbakken. Stranda Sogelag, 2011. ISBN 978-82-92055-38-0Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.