Opna hovudmenyen

Ole Svensson Nysetvold (12. august 182714. august 1912) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Holtålen i Sør-Trøndelag.

Ole Svensson Nysetvold
Fødd 12. august 1827
Holtålen
Død

14. august 1912
Holtålen

Yrke politikar

Nysetvold var fødd i Holtålen, der far hans var gardbrukar og lensmann. Sjølv gjekk han Klæbu seminar i 1845, men tok ikkje eksamen. I 1855 vart han gardbrukar på bruket Nysetvoll i Holtålen og dreiv dette, bortsett frå to år, 1860-62, då han budde i Tydal.

Han var ordførar i Holtålen 1858-60 og 1866-1905. I endå lenger tid var han medlem av forlikskommisjonen, 1856-60 og 1864-1905. Han var amtsrevisor i fleire år og nokre gongar var han konstituert utskiftingsformann.

Nysetvold var stortingsrepresentant frå Søndre Trondhjems amt 1874 til -79 og møtte i 1891 frå 2. juni. Han var i 1891 3. varamann. Perioden 1874-76 var han medlem av kyrkjekomiteen, 1877-79 av protokollkomiteen og i 1891 av Lagtinget og justiskomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på garden sin i Holtålen i 1912.

KjelderEndra