Olesjky
Olesjky (ukrainsk skrift Олешки) er ein by i Kherson oblast (provins) i Ukraina. Han er ein av dei eldste byane i oblastet og ein av dei eldste i det sørlege Ukraina. Byen har kring 25 000 innbyggjarar (2011).
Olesjky | |||
Цюрупинськ | |||
by | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kherson oblast | ||
Koordinatar | 46°38′0″N 32°35′0″E / 46.63333°N 32.58333°E | ||
Areal | 15,7 km² | ||
Folketal | 25 217 (2011[1]) | ||
Folketettleik | 1 606 / km² | ||
Grunnlagd | 1084 som Olesjky | ||
• bystatus | 1802 | ||
Postnummer | 75100 | ||
Retningsnummer | +380 5542 | ||
Tsiurupynsk 46°37′31″N 32°43′31″E / 46.625361111111°N 32.72525°E | |||
Kart som viser Olesjky.
| |||
Wikimedia Commons: Oleshky | |||
Nettstad: http://www.oleshki.org.ua/ |
Byen vart kalla Olesjky fram til 1928 og igjen frå 2016. Under sovjettida vart han kalla Tsiurupynsk (ukrainsk Цюру́пинськ, russisk Цюру́пинск) etter Aleksander Tsiurupa, ein tidlegare sovjetisk handelsminister og sjef for Gosplan. Tsiurupa vart fødd i byen, som vart kalla opp etter han då han døydde i 1928. 19. mai 2016 vart namnet endra tilbake til Olesjky etter at det vart innført forbod mot namn av kommunistisk opphav i Ukraina.[2]
Elva Konka renn gjennom byen og munnar ut i Dnepr. Byen ligg på venstrebreidda av Dnepr og i nærleiken ligg Olesjkyjsanden.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tsiurupynsk » frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Fotnotar
- ↑ Державний комітет статистики України. Чисельність наявного folketal України на 1 січня 2011 року, Київ-2011 (doc), arkivert frå originalen 10. oktober 2012, henta 2. oktober 2012
- ↑ Рада перейменувала Дніпродзержинськ на Кам'янське (på ukrainsk), Українські Національні Новини, 19 May 2016, arkivert frå originalen 19. mai 2016, henta 19. mai 2016