Olesjkyjsanden (ukrainsk Олешківські піски) er det største sandområde i Ukraina[1]. Han ligg innanfor kysten av Svartehavet og består av sanddyner eller kutsjuhury (lokalt), som når ei høgd på fem meter. Det finst noko spreidd vegetasjon i sanden.

Olesjkyjsanden
Олешківські піски
sandområde
Sentrale område i Olesjkyjsanden om våren
Land  Ukraina
Oblast Kherson oblast
Rajon Olesjky rajon
By Nova Kakhovka
landemerke Undergrunnssjø
elv Dnepr
Koordinatar 46°35′N 33°03′E / 46.583°N 33.050°E / 46.583; 33.050
Areal 1 612 km²
Folketal 0
Tidlegare bruksområde Bombeområde for luftforsvaret
Kart
Olesjkyjsanden
46°35′00″N 33°03′00″E / 46.58333333°N 33.05°E / 46.58333333; 33.05
Wikimedia Commons: Oleshky Sands

Olesjkyjsanden ligg i Olesjky rajon, Kherson oblast, 30 km aust for Kherson. Det tidlegare namnet på Olesjky. Før Krim-khanatet vart annektert i Russland på slutten av 1700-talet høyrte området til dei nomadiske Nogai-hordane, særleg Djambuilut-horden.

Under Sovjetunionen vart sandområdet nytta som bombeområdet for pilotar i Warszawapakta. Framleis er det mogeleg å finne udetonert skyts.

Kjelder endre

  1. Stundom vert Olesjkyjsanden rekna som den største ørkenen i Europa, men den største sandørkenen i Europa er Rynørkenen (40 000 km²), 20 gonger større

Bakgrunnsstoff endre