Olga Antoljevna Bitsjerova (fødd 26. oktober 1967) er ein russisk tidlegare turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Ho vann mangekampen ved Turn-VM 1981 og Turn-EM 1983.

Olga Bitsjerova
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 26. oktober 1967 (56 år)
Moskva
Idrett turn
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Bitsjerova vart i 1981 verdsmeister i lagtevlinga på heimebane i Moskva. Sidan i meisterskapen sigra ho i mangekampen, men deltok ikkje i apparatfinalane. Det gjorde ho derimot då ho året etter gjekk til topps i mangekamp ved verdscupfinalen i Zagreb. Her vann ho frittståande og hopp, kom på andreplass i skranke og vart nummer 3 på bom. Også under europameisterskapen 1983 i Göteborg triumferte Bitsjerova i mangekamp, frittståande og hopp. I Turn-VM 1983 i Budapest var ho med å vinne gullmedalje i lagtevlinga, individuelt kom ho som best på femteplass i hopp.

Bitsjerova var aktiv til 1988, utan seinare å få delta i dei internasjonale meisterskapane. Ho var ei tid gift med turnaren, ukrainske-franske Valentin Mogilnij, som òg var aktiv for Sovjetunionen.

Kjelder endre