Olga Pavlovna Minejeva, fødd Sirovatskaja (fødd 1. oktober 1952), er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Degtjarsk i Sverdlovsk oblast som tevla internasjonalt for Sovjetunionen på 800 meter. Ho tok OL-sølv på distansen i Moskva i 1980 og EM-gull i Aten i 1982.

Olga Minejeva
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 1. oktober 1952 (71 år)
Degtjarsk
Yrke friidrettsutøvar
Høgd 176 centimeter

Aktiv endre

Olga Sirovatskaja deltok på 400 m og 4x400 m stafett under dei olympiske leikane i München. På 400 m vart ho slått ut i kvartfinalane, medan det åttandeplass på stafetten.

Under sommarleikane i Moskva sommaren 1980 gjekk alle medaljane på 800 meter til dei sovjetiske deltakarane, med tida 1.54,81 tok Olga Minejeva sølvmedaljen bak Nadezjda Olizarenko og føre Tatjana Providokhina. I EM i friidrett 1982 i Aten vart ho europameister på 1.55,41. Ho sprang òg ein etappe på Sovjetunionen sitt lag på 4x400 m stafett og fekk då med seg ein bronsemedalje.

Kjelder endre