Opna hovudmenyen
Namnetrekket til Oliver Cromwell.

Oliver er eit engelsk manns- og slektsnamn. Det har svensk namnedag den 15. april og norsk den 3. august.

OpphavEndra

Namnet er avleidd av det normanniske Olivier, som truleg er avleidd av eit germansk namn som Alfher eller Áleifr (knytt til Olaf). Skrivemåten blei påverka av latinsk oliva, 'oliventre'. I katalansk og oksitansk samanheng kan etternamnet Oliver også vera avleidd direkte frå 'oliventre'.

Kortformer av namnet er Oli, Ollie, Noll og Nollie. Kvinnelege former er Olivia og Olivette.

BrukEndra

 
Gravstein for Jens Oliver Lisberg (1896-1920), som utforma det færøyske flagget.

Namnet blei kjend i Vest-Europa gjennom det franske mellomalderske Rolandskvadet, der helten Roland sin ven og rådgjevar heitte Olivier.

Oliver var eit vanleg namn i England i mellomalderen, men etter protektoratet til Oliver Cromwell på 1600-talet gjekk bruken ned. På 1800-talet tok han seg opp igjen, kanskje på grunn av den populære romanen om Oliver Twist skriven av Charles Dickens.

I Noreg tok bruken av namnet seg kraftig opp frå midten av 1990-talet, og gjekk over 1,0 % rundt 2005. I 2009 var det 3 023 norske menn som heitte Oliver.

NamneberararEndra

PersonnamnEndra

 
Forfattaren Oliver Goldsmith.

SlektsnamnEndra

KjelderEndra