Turi Gramstad Oliver

Turid «Turi» Gramstad Oliver (fødd 22. januar 1938) er ein norsk biletkunstnar, kunsthandverkar og formgjevar fødd i Sandnes.

Turi Gramstad Oliver
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. januar 1938 (86 år)

Ho arbeidde for Figgjo Fajanse frå 1960-1980, og teikna der mange av dei dekorane folk forbind fabrikken med. Ho teikna mellom anna den handmalte dekoren Elvira og dei silketrykte dekorane Lotte, Market, Astrid, Tor Viking, Saga, Barcarole, Arden og Clupea for servise. Ho teikna også dekorar for nokre seriar med pynte- og gåveartiklar. Tinga ho har formgjeve dekoren til er ofte merka Turi-design.

Ho er medlem i Norske Billedkunstenere, Norske Kunsthåndverkere og Kunstnernes informasjonskontor.

Kjelder endre