Oljefondet er ei vanleg nytta nemning på eit norsk statleg fond for forvalting av dei inntektene som den norske staten har av olje- og gassutvinninga på den norske kontinentalsokkelen. «Oljefondet» hadde formelt namnet Statens petroleumsfond då det vart skipa i 1990, men fekk frå 2006 namnet Statens pensjonsfond - utland (SPU).

Verdiane som «oljefondet» forvaltar ved å plassere dei i utanlandske aksjar og obligasjonar og liknande, vert ofte kalla «oljepengane». Kor mykje av desse «oljepengane» som maksimalt skal kunne nyttast som inntekt i dei årlege statsbudsjetta, vert regulert av den såkalla handlingsregelen som Stortinget innførte under Jens Stoltenberg si fyrste regjering i 2001. Eit fleirtal på Stortinget sluttar seg vanlegvis til denne handlingsreglen år for år, men likevel vert regelen ofte brote i større eller mindre grad for å få det aktuelle årets statsbudsjett til å gå opp.

Kjelder endre