Olt

elv i Romania

Olt (rumensk og ungarsk; tysk Alt; latinsk Aluta eller Alutus) er ei elv i Romania. Ho har kjelda si i Hășmașfjella aust i Karpatane, nær landsbyen Bălan. Ho renn gjennom dei rumnske fylka Harghita, Covasna, Brașov, Sibiu, Vâlcea og Olt. Elva vart kalla Alutus eller Aluta av romarane. Olt fylke og den historiske provinsen Oltenia er kalla opp etter elva.

Olt
elv
Avrigreservoaret i Olt
Land  Romania
Nedslagsfelt 24 050 km²
Renn gjennom Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea, Slatina
Lengd 615 km
Middelvassføring 174 /s
Kjelde Hășmașfjella i Bălan
 •  høgd 1 440 moh.
Munning Donau
Kart
Olt
46°43′16″N 25°42′36″E / 46.721111111111°N 25.71°E / 46.721111111111; 25.71
Kart over Olt
Kart over Olt
Kart over Olt
Wikimedia Commons: Olt River

Sfântu Gheorghe, Râmnicu Vâlcea og Slatina er dei største byane langs Olt. Olt munnar ut i Donau nær Turnu Măgurele.

Byar og landsbyar

endre

Av byar og landsbyar langs Olt, frå kjelda til munningen, finn ein mellom anna Bălan, Sândominic, Miercurea-Ciuc, Sfântu Gheorghe, Făgăraș, Brezoi, Călimănești, Râmnicu Vâlcea, Drăgășani, Slatina og Drăgănești-Olt.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Olt River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.
  • Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București
  • Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971
  • Trasee turistice - județul Olt [1]
  • Trasee turistice - județul Vâlcea [2]