Oluf Gabriel Lund

Oluf Gabriel Lund (8. mai 187329. november 1966) var ein norsk hærmann frå Kristiania.

Oluf Gabriel Lund
Fødd8. mai 1873
Død29. november 1966

Lund var son til ein butikkeksepeditør i hovudstaden. Sjølv valde han ein militær leveveg, var offiser frå 1894 og tok eksamen ved Krigsskulen i 1897. Han gjorde teneste i generalstaben, og underviste i perioden 1910-17 i topografi ved Krigsskulen. I 1929 vart han forfremja til oberst, og samstundes utnemnd til sjef for Infanteri Regiment 10. Frå 1937 var han krigskommissær i krigskommissariatet for Vestlandet. I 1940 vart han dømd til døden av den tyske okkupasjonsmakta, ein dom som vart omgjort til fem års straffarbeid. Lund var sett fri i 1943.

I 1945 gav han ut boka Dødsdømt.

Bibliografi endre

Kjelder endre