Oluf Johanssen
Oluf Christian Johanssen (24. mai 1849–26. mai 1908) var ein norsk bandvevar og -fabrikant frå Trondheim som var stortingsmann for Venstre.
Oluf Johanssen | |||
Fødd | 24. mai 1849 | ||
---|---|---|---|
Død | 26. mai 1908 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Johanssen var son til ein sjømann. Sjølv vart han utlært til bakar og dreiv eige bakeri i heimbyen frå 1869 til -71. Deretter tok han seg arbeid som bandvevar, eit arbeid han hadde til 1884. Dei neste åra var han medlem av den kongelege arbeidarkommisjonen. I 1889 slo han seg ned i Porsgrunn, der han starta opp Porsgrunns bandfabrikk, som han sidan dreiv til han døydde. Han var elles medlem av formannskapet i Porsgrunn og av riksforsikringa sin appellkommisjon.
Johanssen representerte Porsgrunn på Stortinget 1900-03. Han var medlem av tollkomiteen, bortsett frå oktober 1901 til januar 1902, då han var medlem av sosialkomiteen. Delar av 1901-sesjonen hadde han forfall grunna sjukdom i familien.
Han døydde i Porsgrunn i 1908.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914