Oluf Vilhelm Falck-Ytter

norsk skribent

Oluf Vilhelm Falck-Ytter (6. mars 183224. oktober 1914) var ein norsk embetsmann og forfattar frå Romedal i Hedmark. Han var særleg kjend som forfattar av spenningsbøker for born.

Oluf Vilhelm Falck-Ytter
Oluf Falck-Ytter.jpg
Fødd 6. mars 1832
Romedal
Død

24. oktober 1914 (82 år)

Yrke skribent, redaktør, byfogd, barnebokforfattar, jurist

Falck-Ytter var son til ein fut. Han vart utdanna cand.jur. (jurist) i 1857 og arbeidde dei neste 27 åra i Finansdepartementet. Jamsides arbeidet i departementet redigerte han i mange år Børnenes Blad og For Ungdommen. Han skreiv fleire bøker for born og unge, dei mest kjende er Haakon Haakonsen. En norsk Robinson som kom ut i 1873 og vart filma som Håkon Håkonsen i 1990, og Sjørøveren og hans Hule frå 1896.

I 1884 vart Falck-Ytter byfut i Sarpsborg, eit embete han hadde til han døydde i Kristiania i 1914. Falck Ytters plass på Ila i Oslo har namn etter han.

KjelderEndra