Håkon Håkonsen
Håkon Håkonsen er ein film frå 1990, regissert av Nils Gaup. Filmen byggjer på boka med same namn, av Oluf Vilhelm Falck-Ytter. Filmen vart spelt inn i Stillehavet, Spania, England og Noreg. Håkon Håkonsen vart laga i samarbeid med The Walt Disney Company, og er blant dei største og mest påkosta norske filmane gjennom tidene.
Regi | Nils Gaup | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Nigel Wooll | ||
Produsent(ar) | John M. Jacobsen | ||
Manus | Nils Gaup, Bob Foss, Greg Dinner, Nick Thiel | ||
Basert på | Haakon Haakonsen. En norsk Robinson | ||
Medverkande | Gabriel Byrne, Bjørn Sundquist, Kjell Stormoen, Guy Fithen, Stian Smestad, Thorbjørn Harr | ||
Klipp | Niels Pagh Andersen | ||
Musikk | Patrick Doyle | ||
Sjeffotograf | Erling Thurmann-Andersen | ||
Produksjonsselskap | Svensk Filmindustri, Walt Disney Pictures, John M. Jacobsen Productions | ||
Distributør | Walt Disney Studios Motion Pictures, Disney+ | ||
Utgjevingsdato | 3. oktober 1990 (Noreg)[1] | ||
Lengd | 89 minutt | ||
Opphavsland | USA, Noreg, Sverige | ||
Språk | engelsk, norsk | ||
Sjanger | barnefilm, piratfilm, romanfilmatisering |
Filmen si handling utspelar seg på midten av 1800-talet og handlar om Håkon Håkonsen som vert nøydd til å reise til sjøs i ein alder av 13 år, på grunn av dårleg økonomi i familien. Håkon lærer seg fort å bli sjømann, og opplever framande og spanande land, samt ein brutal styrmann som viser seg å vere både våpensmuglar og sjørøvar. På overfarten til Calcutta finn han ei ung jente som er blindpassasjer om bord. Dramatikken held fram når skuta forliser og Håkon endar opp på ei aude sørhavsøy.
Filmen har seinare blitt fullstendig restaurert, og i februar 2006 kom han ut på DVD.
Kjelder
endre- ↑ https://www.nb.no/filmografi/show?id=792362; Norsk filmografi; vitjingsdato: 14. juli 2022.