Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°11′13.078″N 24°55′37.517″E

Helsingfors Olympiastadion
Tårnet på Olympiastadion i Helsingfors

Helsingfors Olympiastadion er Finlands største stadion og ligg i bydelen Tölö, om lag to kilometer frå bysentrum i Helsingfors. Olympiastadion var hovudstadion under Sommar-OL 1952.

ArkitekturEndra

Den funksjonalistiske bygningen vart teikna av arkitektane Yrjö Lindegen og Toivo Jäntti. Eit 72 meter høgt tårn er olympiastadion sitt særmerk og ope for gjester.

ArrangementEndra

Olympiastadion var hovudstadion under Sommar-OL 1952. Sidan har det vorte brukt til idrettsarrangement og som konsertarena. I perioden 1939–64 vart arrangert fem VM på skøyter og tre EM på skøyter. Mellom dei store friidrettsarrangementa på stadion har vore EM i friidrett 1971, VM i friidrett 1983, EM i friidrett 1994, VM i friidrett 2005, og EM i friidrett 2012. Finlands landslag i fotball spelar kampane sine her.

SogeEndra

Olympiastadion vart bygt i perioden 1934-38, med håp om å få tildelt dei olympiske sommerleikane 1940. Grunna andre verdskrigen vart leikane avlyst. Frå 1994 til 1999 var stadion ombygt og tilskodarkapasiteten redusert frå 70 000 til 40 000. Før euro vart innført som valuta i Finland var olympiastadion avbilda på 10-markseddelen, saman med langdistanseløparen Paavo Nurmi.

KjelderEndra