Omund Bjørnsson Birkeland
medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Omund Bjørnsson Birkeland (17. april 1786–14. april 1862) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Nord-Audnedal i Vest-Agder.
Omund Bjørnsson Birkeland | |||
Omund Bjørnsson Birkeland på eit måleri frå 1863 av P. Meidell, frå Eidsvoll 1814 | |||
Fødd | 17. april 1786 Nord-Audnedal i Vest-Agder | ||
---|---|---|---|
Død | 14. april 1862 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Unionspartiet | ||
Yrke | Gardbrukar | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Birkeland var fødd i Konsmo sokn i Nord-Audnedal. Han var underjeger ved vesterlenske infanteriregiment i tida før 1814. 1814 vart han vald til utsending frå regimentet til riksforsamlinga på Eidsvoll. Der var han lite aktiv i forhandlingane, men det er kjent at han røysta med unionspartiet.
Nokre år etter 1814 tok Birkeland over farsgarden i Konsmo, og budde der sidan. Han vart ofte nytta i kommunale ombod.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 98
- Biografisk informasjon om Omund Bjørnsson Birkeland NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv