One Take Radio Sessions

One Take Radio Sessions
EP av Mark Knopfler
Språk engelsk
Utgjeve 21. juni 2005
Innspelt Shangri-La Studios, 2004
Sjanger Rootsrock, folkrock
Lengd 39:35[1]
Selskap Mercury, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi 
The Trawlerman's Song
(2005)
One Take Radio Sessions Private Investigations (2005)


One Take Radio Sessions er ein EP med live i studio-opptak av den britiske musikaren Mark Knopfler, gjeven ut 21. juni 2005 av Mercury Records internasjonalt og Warner Bros. Records i USA. Opptaka vart gjoert i ein eingong i Shangri-la Studios i Malibu i California. EP-en inneheld versjonar av sju songar frå albumet Shangri-La frå 2004, og ein song, «Rüdiger», frå albumet Golden Heart. Denne EP-en er i røynda ein lengre versjon av The Trawlerman's Song EPen, med to ekstra spor og ein annan versjon av tittelsporet.[1]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic      [1]

I meldinga si for AllMusic gav James Christopher Monger EPen to av fem stjerner. Sjølv om Monger meinte «at det ikkje var noko å seie på framføringa, innspelinga utan feil og melodiane sterke»,[1] så følte at han EPen ikkje gav noko nytt som ikkje alt var gjeve ut på albumet Shangri-La i 2004.[1]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler[1].

Nr.TittelLengd
1.«The Trawlerman's Song»5:13
2.«Back to Tupelo»4:32
3.«Song for Sonny Liston»5:30
4.«Rüdiger»6:07
5.«Boom, Like That»4:35
6.«Everybody Pays»6:10
7.«Donegan's Gone»2:59
8.«Stand Up Guy»4:29
Total lengd:39:35

Medverkande endre

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar
  • Rodney Pearson – digital redigering
  • Bob Ludwig – mastering

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Monger, James Christopher. «One Take Radio Sessions». AllMusic. Henta 17. januar 2015.