Glenn Worf (fødd 24. januar 1954) er ein USA-amerikansk bassist, som er aktiv som studiomusikar i Nashville. Han har spelt med mange av dei store countryartistar og har dei siste åra turnert mykje med Mark Knopfler.

Glenn Worf
Fødd24. januar 1954 (70 år)
FødestadDayton i Ohio i USA
OpphavUSA
SjangerCountry
Instrumentbassgitar, kontrabass
Tilknytte artistarMark Knopfler
Verka somMusikar

Gjennom karrieren har Worf spelt med artistar som Bryan Adams, Trace Adkins, Craig Campbell, Billy Ray Cyrus, Alan Jackson, Wynonna Judd, Toby Keith, Martina McBride, Reba McEntire, Tim McGraw, Mark Knopfler, Miranda Lambert, Aaron Neville, Kellie Pickler, Kenny Rogers, Bob Seger, Sugarland, Shania Twain, Keith Urban, Lee Ann Womack og Tammy Wynette.[1][2] Han er kanskje mest kjend for arbeidet med den tidlegare Dire Straits-frontmannen Mark Knopfler. Worf har spelt kontrabass og elektrisk bass på alle soloalbuma til Knopfler og er medlem i turnébandet hans.[3]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
Mark Knopfler og Glenn Worf 6/25/06 - Chicago