Only a Dream
Singel av The Kinks
frå albumet Phobia
B-side

«Somebody Stole My Car»

Utgjeve 29. mars 1993
Innspelt September 1990 - februar 1992
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 5:04
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Did Ya»
(Europa, 1991)
---
«How Do I Get Close»
(UK/US, 1990)
Only a Dream «Scattered»
(UK, 1993)


«Only a Dream» er ein song gjeven ut og framført av det engelske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen kom ut i 1993 på albumet deira Phobia, det siste albumet dei gav ut.

Bakgrunn endre

Ray Davies sa om songen i 1993: «Eg trur eg på ein måte fann røysta mi att på 'Only a Dream,' som eg skreiv på eit fly til England etter eg bestemte meg for å skrive eit album med litt meir humanitet. Det er merkeleg korleis ein artist som har halde på ei stund, framleis vert skremd av visse ting, men det vert eg, og eg måtte verkeleg førebu meg for å syngje den songen. Kvelden før drog eg ut og vart dritfull på vin. Eg var framleis skjelven då eg gjekk i studio morgonen etter, og eg song songen på eitt forsøk. Det er berre ein popsong, men det er mykje kjensler der og mykje av meg i han.»[1]

Teksten endre

I teksten til «Only a Dream» vert songaren forelska i det han skildrar som ein «ung sjef». Han ventar ikkje at ho skal leggje merke til han, men ho smilar til han og seier 'Hi-ya handsome, have a good day.' Han byrjar å undre seg over om det faktisk skjedde eller berre var ein draum. Ein annan dag ventar songaren på kjærasten då han ser ho snakke til ein annan mann og totalt ignorerer han. Han er knust og igjen undrar seg over om det berre var ein draum.

Utgjeving endre

«Only a Dream» kom ut på albumet Phobia. Albumet selde dårleg, men trass i dette vart songen gjeven ut på singel, med B-sida «Somebody Stole My Car» (ein annan song frå albumet). Singelen selde dårleg, men nådde 79. plassen i Storbritannia. Ein annan singel frå Phobia, «Scattered», vart marknadsført som oppfølgjaren til «Only a Dream», men vart trekt attende etter berre eit par eksemplar var seld til samlarar.[2]

Musikkvideo endre

Det vart filma ein musikkvideo for «Only a Dream.»[3] Både Ray Davies og Dave Davies er med i videoen der Davies mimar til songen.

Andre versjonar endre

Den amerikanske popgruppa E.Y.C. spelte inn ein versjon av «Only a Dream.»

Kjelder endre

  1. DeMuir, Harold. «Brothers at Arms: After three decades of classic pop and internal turmoil, the Kinks are still not like everybody else.». davedavies.com. Pulse Magazine. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 11. april 2015. 
  2. Hinman, Doug. All Day and All of the Night. 
  3. Emlen, Dave. «Kinda Kinks». Kindakinks.net. Henta 28. april 2018.