Opdal prestegard

tidlegare prestegard i Nore og Uvdal

60°15′55″N 8°50′02″E / 60.265147°N 8.833824°E / 60.265147; 8.833824

Prestegardsburet er freda.

Opdal prestegard eller Uvdal prestegard (gnr.73) var prestegarden til Uvdal stavkyrkje i Nore og Uvdal kommune i Buskerud. Stavkyrkja vart oppført på prestegarden sin grunn på oversida av det som per 2019 er fylkesveg 2810.

Nore og Uvdal bygdetun vart skilt ut frå prestegarden i 1960 og består av Prestestova (eller Skolestova) og Prestegardsburet frå den gamle prestegarden og elles ei rekkje andre bygg som har vorte flytta til staden. Buret vart oppført i 1627–28 og er freda. Stova er frå 1700-talet. Bygdetunet er opent for publikum i sommarmånadene og har arrangement også elles i året.

Kapellanen budde på prestegarden inntil 1816, då han flytta til Nore.[1]

Fotnotar

endre
  1. Uvdal kirke i «Norges kirker»

Bakgrunnsstoff

endre