Open stjernehop

(Omdirigert frå Open hop)

Opne stjernehopar (òg kalla galaktiske hopar) er grupper av stjerner laust bundne saman av gravitasjon. Opne stjernehopar er mindre og meir lause i forma enn kulehopar, den andre typen av stjernehopar. Opne stjernehopar kan innehalda so få som eit titals stjerner, og sjeldan fleire enn nokre tusen.[1] Til liks med dei fleste stjernehopar, blir opne stjernehopar danna ut av den same molekylskya, og alle medlemmane i hopen har difor same alder.[2]

Den opne stjernehopen Pleiadane.

Nokre få stjernehopar har vore kjende sidan antikken, mellom anna Hyadane, Pleiadane og Praesepe (M44). Mange opne stjernehopar blei inkluderte i Messierkatalogen, og endå fleire i New General Catalogue (NGC).[1]

Opne stjernehopar kan lett bli forstyrra i samansetnad av tidvasspåverknad frå galaksen dei ligg i og gjennom møte med interstellare skyer.[1] Dei minste og lettast bundne opne stjernehopane lever ikkje lengre enn nokre få millionar år før dei går i oppløysning.[1]

Opne stjernehopar er berre å finna i galakseskivene.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Teke frå artikkelen «open cluster» s. 293 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  2. 2,0 2,1 «Hubble Refines Distance to Pleiades Star Cluster» - Hubble-pressemelding i samband med at teleskopet blei brukt til å estimera avstanden til Pleiadane.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Open stjernehop