Operasjon Barbarossa

tysk invasjonen av Sovjetunionen

Operasjon Barbarossa (på tysk Fall Barbarossa, jamfør Fredrik Barbarossa, "Fredrik Raudskjegg") var kodenamnet for Nazi-Tyskland sin invasjon av Sovjetunionen under andre verdskrigen, og er den første delen av krigen i aust, i Russland kalla Den store fedrelandskrigen. Åtaket byrja 22. juni 1941.

Tyske soldatar med fangar i Sør-Russland‎.

Operasjon Barbarossa (som eigentleg berre var kodenamnet for sjølve invasjonen, ikkje heile krigen) var innleiinga til ein nesten fire år lang krig mellom Nazityskland og Sovjetunionen.

Denne krigen var i særklasse den største krigsskodeplassen under andre verdskrigen og blir allment sedd på som den blodigaste konflikten i historia mellom to statar, med minst 30 millionar dødsoffer, eller minst 75% av alle dødsoffer i den europeiske delen av andre verdskrigen. Om lag 4,3 millionar av totalt 5,3 millionar tyske soldatar som mista livet i andre verdskrigen døydde under eller etter krigen mot Sovjetunionen. På sovjetisk side døydde i tillegg til eit stort tal soldatar òg svært mange sivile, på grunn av den folkemordariske nazistiske okkupasjonspolitikken i aust.

Kjelde endre

I hovudsak svensk wikipedia, art. Operation Barbarossa, 22. juni 2009.