Fredrik I av Det tysk-romerske riket

(Omdirigert frå Fredrik Barbarossa)

Fredrik I, med tilnamnet Barbarossa, vart truleg fødd i 1122 i Waiblingen. Han døydde den 10. juni 1190. Namn på tysk språk er Friedrich I. Barbarossa. Han drukna i elva Saleph (seinare Göksu) i Anatolia i Tyrkia. Fredrik var hertug av Schwaben, tysk-romersk konge (Konge av romarane) frå 1152, konge av Burgund frå 1178 og keisar av det tysk-romerske riket frå kroninga 18. juli 1155. Han høyrde til fyrstehuset Hohenstaufen, og var son av hertug Fredrik II, den einøygde, av Schwaben og kona, hertugen av Bayern si dotter Judit.

Fredrik I av Det tysk-romerske riket

Fødddesember 1122
Haguenau
Død10. juni 1190
Göksu
TittelKonge av romarane, tysk-romersk keisar, hertug av Schwaben
Alle titlarhertug, greve av Burgund, tysk-romersk keisar
Hus eller slektHuset Hohenstaufen
GravstadChurch of Saint Peter
LandDet tysk-romerske riket
MorJudith von Bayern
FarFriedrich II
EktefelleAdelheid av Vohburg, Beatrice I, Countess of Burgundy
BarnPhilipp von Schwaben, Henrik VI av Det tysk-romerske rike, Frederick V, Duke of Swabia, Fredrik VI av Schwaben, Conrad II, Duke of Swabia, Otto I, Count of Burgundy, Beatrice Schwäbische, Sophie of Hohenstaufen, Agnes von Staufen

I 1147 fylgde han med farbroren Konrad III av Tysklanddet andre krosstoget. Konrad valde Fredrik som sin etterfylgjar framför sin eigen son. Fredrik Barbarossa gav seg i veg på det tredje krosstoget, men nådde aldri Jerusalem. Han drukna då han skulle symja over ei elv i noverande Tyrkia.

Fredrik I Barbarossa framstilt i eit manuskript frå 1188, Vatikanbiblioteket

Tilnamnet «Barbarossa» (raudskjegg) fekk han i Italia på grunn av sitt raude skjegg.

Sjå òg

endre