Oppstadhornet
Oppstadhornet (òg kjent som Opstadhornet) er eit fjell (737 moh.) på Otrøya i Molde kommune i Møre og Romsdal. Det ligg i eit fjellmassiv som òg inkluderer Klausethornet (660 moh.) i sørvest, Rørsethornet (659 moh.) og Ræstadhornet (759 moh.) i vest, og Heggdalshornet i nordaust.
Fjellet er brukt til rekreasjon, men er kanskje mest kjent for sprekkene ved toppen av fjellet og faren for fjellras. Kartleggingar gjennomført av NGU, NGI og fylkesgeologen i Møre og Romsdal har dei siste tiåra påvist eit flak med 20 millionar m³ stein i vertikal kryprørsle. Gjennom 5000–10000 år, i perioden etter siste istid, har flaket sokke 30–40 meter. Det vert rekna som relativt truleg (0,1 promille i året) at flaket vil losne og rase ut i Moldefjorden på søraustsida av øya, ved garden Opstad. Verknadane vil i så fall kraftig overgå dei ein fekk ved Tjelle-raset, lengre inn i fjorden. Ein meiner at jordskjelv vil kunne framprovosere raset.
Bakgrunnsstoff
endre- Fjellskredprosjektet ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal Arkivert 2001-04-01 ved Wayback Machine.
- Nye Molde sykehus, Vurdering av oppskyllingshøgdr, 18.5.2005 Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.