OraQuick er ein hiv-test som ved hjelp av ein munnvæske- eller blodprøve gjev eit resultat på 20 minutt. Kort resultattid og enkel bruk gjer han til ein revolusjon innan hiv-testing, der ein tidlegare måtte venta to veker på resultatet til ein prøve.

OraQuick inneheld kunstig laga protein som kan identifisera antistoff mot hiv i blodet. Etter tjue minutt viser ei kontrolline seg på testen, og ei line til dersom han er positiv.

Testen gjev rett positivt utslag i 99,3 prosent av dei som blir testa., og rett negativt resultat på 99,8 %.

OraQuick vart godkjent av det amerikanske mat- og lækjarmiddelverket (FDA) i november 2002. I mars 2004 godkjende FDA òg at testen kunne brukast på væske frå munnen og blodplasma.

For å bruka testen treng ein ikkje eit laboratorium, men kan bruka han kvar som helst, også på stader ein kan venta å finna dei som har høg risiko for hiv-smitte, som ute på gata eller i klubbar. Testen kan ha ført til ein auke i talet på hiv-smitta i statistikkane, ganske enkelt fordi ein har fått testa fleire.