Laboratorium
sosial struktur som gir eit rammeverk for forskarar
Laboratorium (frå latin laborare, som tyder arbeide) er nemninga på ein type arbeidsplass eller lokale som hovudsakleg har med naturvitskapleg undervisning, forsking, eksperimentering, produksjon eller kvalitetskontroll av ymse materiale og organismar å gjere, og som har utstyr særleg tilpassa det aktuelle føremålet. Dei fleste laboratoria finn ein soleis innanfor til dømes faga kjemi, fysikk, biologi, farmasi, medisin og ingeniørvesen.
Ordet laboratorium har dessutan verte teke i bruk på ymse andre område; eit språklaboratorium er til dømes eit lokale med teknisk utstyr som gjer det lettare for elevar å lære seg framande språk.