Magesekk

meltingsorgan

Magesekken, eller ventrikkelen, er den delen av fordøyingssystemet som kjem etter spiserøyret. Det er den rommelegaste delen av fordøyingskanalen. Magesekken er forma som ei sterkt krumma, noko flatklemt pære og sit i den andre enden av spiserøyret i høve til munnhola. Hjå vaksne menneske har magesekken eit volum på ca. 50 ml når han er tom, men han utvider seg til ca. 1,5 liter når ein har ete. I ekstreme tilfelle kan han utvida seg til å romma 4 liter.

Magesekk

Magesekken (utvendig)
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD013270

I veggene til magesekken sit det musklar (magemusklane) og små celler (kjertelceller) som skil ut magesaft, ei sur væske (pH 1–3) som består av saltsyre (pH 0,9), enzym (pepsin) og vatn. Den sure magesafta nøytraliserer det basiske spyttet som blei tilført maten i munnhola. Enzyma i magesafta bryt ned store molekyl til mindre einingar, samtidig som rørslene til magemusklane (gjerne kalla peristaltiske rørsle) elter og fordeler maten. Denne blir så send porsjonsvis ut gjennom den nedste muskelringen i magesekken, kalla portnaren. Pepsinenzymet byrjer å spalta protein til aminosyrer. Dette går vanlegvis føre seg i 3–4 timar, før den no tyntflytende blandinga gradvis blir tilført byrjinga av tynntarmen (tolvfingertarmen).

Vatn, alkohol og ein del legemiddel (som barbiturat og salisylsyre), kan takast opp i blodet via slimhinna i magesekken, men elles må stoffa i maten ut i tynntarmen før kroppen kan gjera seg nytte av næringsstoffa.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Magesekk