Orionsbeltet
- «Orions belte» omdirigerer hit. For boka av Jon Michelet, sjå boka Orions belte. For spelefilmen basert på boka, sjå filmen Orions belte.
Orionsbeltet, Orions belte eller Jakobsstaven er ein asterisme i stjernebiletet Orion. Det vert danna av dei tre stjernene Alnitak, Alnilam og Mintaka. Desse deler Orion vassrett i to på det smalaste, og dannar slik eit bilete av eit belte.
Vitskapleg stjernenamn (latin) | Arabisk stjernenamn | Tradisjonelt stjernenamn |
---|---|---|
Delta Orionis (δ Ori) | منطقة manṭaqah, ‘belte’ | Mintaka |
Epsilon Orionis (ε Ori) | النظام an-niẓām, av نظم naẓm ‘perlekjede’ | Alnilam (òg stundom skrive Alniham, Alnitam) |
Zeta Orionis (ζ Ori) | an-niṭaq, ‘livreima’ | Alnitak |