Oriya eller odia er eit indoarisk språk som blir tala av oriyafolk i dei indiske delstatane Odisha, der det er offisielt språk, Jharkhand, der det har status som andrespråk, og Vest-Bengal. Det er nært i slekt med bengali og assamesisk. Oriya har eit eige alfabet som er likt devanagari, men nyttar halvsirklar over bokstavane i staden for ei vassrett linje.

oriya, odia
ଓଡ଼ିଆ, oṛiā
Klassifisering Indoeuropeisk
 Indoiransk
  Indoarisk
   Austleg
    Oriya
Bruk
Tala i  India
oriya, odiatalande i alt 31 698 534[1]
Skriftsystem Oriyaskrift
Språkkodar
ISO 639-1 or
ISO 639-2 ori
ISO 639-3 ori
Wikipedia på oriya, odia

Kjelder

endre
Fotnotar
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.