Opna hovudmenyen

Ormegift er dyregift som vert produsert av giftormar. Ho er sett saman av mellom anna protein, der nokre av desse er enzym.

Ormegift vert danna i giftkjertlane til ormen, som er er omdanna spyttkjertlar. Giftkjertlane ligg parvis på sidene av munnhòle og svelg. Gifta frå giftkjertlane endar opp i hole eller renneforma gifttenner som ormen nyttar til å setja gifta i såret med når han høgg til.

Ormegift kan verka på ulike måtar. I menneske kan ho gje vevsskadar på mellom anna blodårer, hjarta, lunger og nyrer. Ho kan òg påverka nervesystemet og hemja storkninga av blodet.

KjelderEndra