Orografisk stratus
Orografiske skyer er skyer som oppstår når fuktig luft blir løfta over fjell eller andre terrengformasjonar til ei høgd der lufta kondenserer. Ei av dei vanlegaste orografiske skyene er orgrafisk stratus. Som regel oppstår desse skyene i område som vanlegvis har mykje fuktig luft, t.d. i kystnære område. Vanlegvis må terrengformasjonen vere minst 150 m høg for at det skal dannast skyer, men i tørrare luft må det høgare formasjonar til.
Orografisk stratus skil seg frå vanleg stratus ved at dei ofte er stasjonære. Lufta strøymer gjennom skya og dannar konstant skyer der lufta stig, og skyene løyser seg konstant opp der lufta søkk igjen på lesida av fjellet. Omfanget av skya kjem an på fukta i lufta omkring fjellet. Visst lufta er fuktig nok kan skyene bli danna langt nede på losida av fjellet, og strekke seg eit godt stykke nedover på andre sida av fjellet. I tillegg spelar både høgda på fjellet, kor bratt fjellet er, kor kraftig vinden er og kva retning vinden har i forhold til fjellet inn på kor omfangsrike stratusskyene blir. Kraftig vind som bles direkte mot eit bratt fjell skapar kraftigare løft og meir skyer.
Av og til er det ikkje nok fukt i dei lågare luftlaga til at skyene blir danna på bakkenivå. Men luftmassane kan bli heva eit godt stykke over fjellet, der det er kaldare, og då kan det til somme tider bli danna orgrafiske skyer kalla altocumulus lenticularis eller linseskyer.
Faneskyer
endreEin variant av orografisk stratus blir kalla faneskyer eller hetteskyer. Desse oppstår på fjelltoppar og på lesida av fjelltoppar. Dei vert danna på litt anna vis enn vanleg orografisk stratus. Når luft strøymer over eit høgt, bratt fjell, vil ein del av lufta hope seg opp på losida av fjellet, slik at det oppstår eit område med høgare lufttrykk her. Dette medfører eit fall i lufttrykket på lesida av fjellet. Eit trykkfall fører også med seg lågare temperatur, som igjen kan føre til kondensasjon visst lufta er fuktig nok. Denne type skyer er ofte vanleg på toppen av fjell som Mount Everest og Matterhorn, men kan også oppstå på lågare fjelltoppar.