Stratus
Stratus på Hardangervidda
Stratus på Hardangervidda
Høgd opp til 2500 m.
Utsjånad horisontalt lag
Nedbørsky? ja
Forkorting St

Ei stratussky eller tåkeskyer høyrer til gruppa låge skyer. Namnet kjem av det latinske ordet som betyr «lag», og skyene er nettopp karakterisert ved å vere horisontalt strekt ut i eit lag, i motsetnad til konvektive skyer (cumulus) som er like høg eller høgare enn dei er breie. Stratus oppstår når fuktig luft stig i ein stabil atmosfære til eit nivå der vassdampen kondenserer. Normalt skjer heving av lufta som følgje av ein vêrfront som nærmar seg eller når vind bles mot eit fjellmassiv, kalla orografisk stratus. Ein annan type stratusskyer oppstår når tåke blir varma opp av sola og byrjar å stige. Dette blir kalla tåkestratus.

Stratus er den lågaste av alle skytypar, og kan eksistere mellom bakkenivå og opp til om lag 2500 m. Dei varierer i farge frå mørk grå til nesten kvit. Tjukkleiken kan variere frå eit par meter til rundt 500 m. Den horisontale utstrekninga er derimot mykje større, og stratusskyene kan dekke hundrevis av kvardratkilometer. Stratus som er tjukke nok kan gje lett yr eller regn, eller lett snø visst det er kaldt nok. Stratus som gjev nedbør vert kalla nimbostratus. Skyene består som regel av vassdropar, men er det kaldt nok kan dei òg innehalde iskrystallar. Skyene gjev vanlegvis ikkje halo med mindre det er iskrystallar i skya.

Når stratusskyer oppstår nær bakken kan dei skjule terrenget, særleg i fjellområde. Dette har vore årsaka til fleire flyulykker. I dag har dei fleste fly radar som reduserer faren med stratusskyer.

I større høgder kan det òg dannast stratusskyer, i midlare høgder altostratus og i store høgder cirrostratus.

Sjå òg endre