Opna hovudmenyen
Orsk
Орск
Flagget til Orsk Byvåpenet til Orsk
Flagget til Orsk Byvåpenet til Orsk


Plassering
Orsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Orenburg oblast
Grunnlagd
Bystatus
1735
1865
Borgarmeister Jurij Berg
Geografi
Flatevidd
 - By

584 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

246 100
  421,4 /km²
Koordinatar 51°12′0″N 58°34′0″EKoordinatar: 51°12′0″N 58°34′0″E
Høgd over havet 200 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 462400–462455
Retningsnummer (tlf) (+7)3537
Nettstad: www.orsk-adm.ru/

Orsk (russisk Орск) er ein by i Orenburg oblast i Russland. Den ligg ved elva Ural, heilt sør i Uralfjella. Han hadde i 2007 like under 250 000 innbyggjarar og er den nest største byen i Orenburg oblast.

HistorieEndra

Orsk vart grunnlagt under den russiske koloniseringa av Sør-Ural. Den første busetnaden vart grunnlagt av ein ekspedisjon leia av Ivan Kirillov, som ei festning ved Preobrazjenskajafjellet på venstre breidd av elva Jaik (som i dag heiter Ural). Festninga Orsk, som opphavleg heitte Orenburg, gjorde elva Ural til grenselinje for den russiske staten. I 1739 vart namnet på festninga offisielt endra til Orsk.

I 1861 vart festninga nedlagt og vart ein stasjon under Orenburg-kosakkane sin arme. I 1865 fekk Orsk bystatus og vart sentrum for Orenburg-regionen.

Byen voks dramatisk frå og med 1870-talet. Folkesetnaden var hovudsakleg sysselsett innan handel med kveg og korn, vidareforedling av jordbruksprodukt og forskjellige kunstformer og handverk. Mange kvinner var involvert i veving av dei kjende Orenburgsjala. Innan 1913 var folkesetnaden i Orsk på over 21 000. Under den russiske borgarkrigen, frå 1918 til 1919, motstod Orsk ein tre månader lang blokkade og hamna fire gonger på forskjellig side under kamphandlingane.

På 1930-talet starta bygginga av store industrielle verksemder som utnytta dei rike mineralførekomstane i regionen.

ØkonomiEndra

Orsk er det viktigaste industrisenteret i Orenburg oblast. Dei viktigaste industriane er metallurgi, maskinbygging, oljeforedling, næringsmiddel- og lettindustri. Dei viktigaste verksemdene er Juzjuralnikel, Orsknefteorgsintez og Juzjuralmasjzavod.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra