Metallurgi
Metallurgi er læra om utvinning og tilverking av metall, og om dei fysiske og kjemiske eigenskapane til metalla. Faget tek også for seg framstilling av legeringar og halvmetall. Det blir rekna som ein ingeniørvitskap.

Ordet metallurgi er avleidd av gresk metallurgein, 'å drive ei gruve', som kjem av metallon ('gruve') og ergon, 'arbeide'). Medan utvinning av metall tradisjonelt har føregått frå malm, kan metallurgi også hjelpa til med å finna gode framstillingsmåtar frå avfall og salt.
Ein har etterkvart også gått over til å omtala metallurgi som materialteknologi, ettersom ein kan bruka like tilnærmingsmetodar for plast, keramar og komposittar som for metall.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «metallurgi» i Nynorskordboka.
- «metallurgi» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Metallurgi» frå Wikipedia på bokmål, og «Metallurgi» frå Wikipedia på svensk den 30. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Sciencedaily: "Brick Wall" Helps Explain How Corrosion Spreads Through Alloy 25-11-2004
- Støbejerns metallurgi og lidt om kinesisk støbejern Arkivert 2004-12-16 ved Wayback Machine.
- Metallurgisk ordbok Arkivert 2009-02-07 ved Wayback Machine.