Eit oscilloskop er eit måleinstrument brukt for å studere tidsvariasjonar av eit elektrisk signal. Det blir ofte rekna som det viktigaste instrumentet på ein elektronisk lab.

Eit gammalt analogt Tektronix oscilloskop.

Ein har to hovudtypar av oscilloskop, analoge og digitale. Analoge oscilloskop har berre eit katodestrålerøyr (som i eit fjernsyn av gamal type) som skyt ut ein elektronstråle som dannar ein strek som viser korleis signalet går, medan eit digitalt oscilloskop har punktprøving av signalet og signalhandsaming før det blir vist på ein skjerm. Biletet som vert vist vert kalla eit oscillogram.

For at ein skal kunne få eit signal som er stabilt på skjermen, er trigginga essensiell. Denne seier kor stor signalstyrken skal vere når ein skal byrje å teikne ein strek på skjermen frå venstre. Dersom ein t.d. har eit sinussignal som kjelde, vil det føre til at ein vil få ei fin sinuskurve på skjermen dersom trigginga er justert korrekt. Dersom trigginga ikkje er korrekt, vil ein få mykje rot på skjermen.

Oscilloskopet viser altså eit bilete på skjermen. Dette biletet har ein X- og ein Y-akse. X-aksen er vassrett og Y-aksen er loddrett. Langs den vassrette aksen les vi av tida, og langs den loddrette aksen spenninga. Vi seier at vi ser spenninga som ein funksjon av tida. Biletet på skjermen blir laga av ein lysstråle som varierer i takt med spenninga som blir målt.

Trigging er ein mekanisme som er slik at biletet på skjermen blir stabilt. I og med at spenninga varierer (normalt vil han gjere det), vil lysstrålen røre seg opp og ned på skjermen. Triggingsnivået blir sett til ein ynskt verdi. Når spenninga passerer denne verdien, startar lysstrålen å teikne biletet på skjermen. Frå triggingstidspunktet vil strålen teikne eit bilete på skjermen som viser korleis den målte spenninga endrar seg. Når biletet er ferdig teikna, vil oscilloskopet vente til neste gong den målte spenninga passerer triggingspunktet. Då vil eit nytt bilete bli teikna på skjermen. Dette går normalt svært fort, og du vil ikkje kunne sjå tida mellom bileta. Dersom du måler ein repeterbar spenning, vil biletet virke stabilt på skjermen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre