Ose Countryfestival
Ose Countryfestival er ein musikkfestival på Ose i Bygland kommune i Setesdal. Han blei halden for første gong i 1983.
| |||
Tid | Juli sidan 1983 | ||
---|---|---|---|
Stad | Ose i Bygland i Setesdal |
Historie
endreFestivalen byrja i 1983 på Reiårsfossen Camp på Osefita i Setesdal med ca. 11 000 vitjande, noko som var mykje meir enn arrangøren hadde hatt forhåpingar om. Festivalen blei flytta litt rundt og blei mellom anna halden i Dalen og i Seljord, men kom så tilbake til Ose der han blei verande i fleire år.
Hovudartist i 2004 var, som i 1983, Wendel Adkins. I 2005 var det The Pirates Of The Mississippi, 2006 var det countrystjernene Dwight Yoakam og Bobby Bare, i 2007 Pam Tillis og i 2008 opptredde norskætta Lynn Anderson på festivalen.
I 2008 gjorde Anita Hegerland eit comeback på Ose Countryfestival.[1] Lynn Anderson opptredde saman med mannen Mentor Williams og Arne Benoni, eit norsk svar på Jim Reeves.
I 2009 var Steinar Albrigtsen hovudattraksjonen. Det var i tillegg stor fokus på lokale band frå Setesdalsregionen.
2010 såg ei gjenforeining av Big Hand Saloon med Ottar «Big Hand» Johansen og Claudia Scott, Casino Steel og Tore Andersen.
I 2019 opptredde mellom anna Steinar Albrigtsen og Monika Nordli.[2]
Festivalsjefen gjennom mange år har vore Signe Røinås.
Kjelder
endre- ↑ Grimen, Bjørn (21. juni 2008), «Comeback på festival», NRK (på norsk bokmål), henta 22. juni 2020
- ↑ «Program 2019 | Sørlandets Countryfestival - Ose 2019», osecountryfestival.no, arkivert frå originalen 23. september 2020, henta 22. juni 2020
- Denne artikkelen bygger på «Ose Countryfestival» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juni 2020.