Jim Reeves

amerikansk songar

James «Jim» Travis Reeves (20. august 192331. juli 1964) var ein kjend amerikansk countryartist som døydde medan han stod på toppen av karrieren som songar og musikar.[1]

Jim Reeves

Fødd20. august 1923
FødestadGalloway
Død31. juli 1964 (40 år)
DødsstadWilliamson County
FødenamnJames Travis Reeves
OpphavUSA
Aktiv1948–1964
Sjangercountry
Instrumentvokal
PlateselskapRCA Records, Abbott Record Co.
Verka somsongar, låtskrivar

Bakgrunn endre

Jim Reeves, med tilnamnet «Gentleman Jim», vart fødd i Galloway i Texas, der han voks opp med mora og åtte eldre sysken. Faren døydde då Jim var berre ti månader gammal, og mora måtte både drive garden og syte for familien aleine.

Berre fem år gammal fekk han ein gitar, gammal og godt brukt. Kort etter høyrde han ei Jimmie Rodgers-plate som broren hadde, og frå den stunda var Reeves bestemt på å verte countryartist. Tolv år gammal var han for første gong med i eit radioshow i Shreveport i Louisiana.[1]

Reeves-slekta kom opphavleg frå Irland og var relativt religiøse, noko han aldri gløymde. Når han stod på scena hadde han alltid med ein gospelseksjon, og han song ofte låten «Danny Boy» for å heidre faren sine irske anar.

Idrettsmannen Reeves endre

Sjølv om Reeves var svært oppteken av musikk var han òg ein talentfull idrettsmann, og som tenåring bestemte han seg for å bli baseballspelar. Han fekk samstundes eit stipend til universitetet i Texas, der han skulle studere taleteknikk og drama, men etter seks veker slutta han, for heller å jobbe ved eit skipsverft i Houston og tene pengar. Snart etter var han også tilbake som baseballspelar. Han gjorde i byrjinga karriere som semiprofesjonell spelar i ligaen. I 1944 fekk han proffkontrakt med St. Louis Cardinals. Der var han i tre år, til han skada ankelen og avslutta karrieren som baseballspelar.

Artistkarrieren endre

I ein 5-års periode etter at idrettskarrieren tok slutt hadde Reeves strøjobbar, medan han prøvde å finne ut kva han skulle gjere med livet sitt. Det var på denne tida han byrja å synge som amatør. Han tok solojobbar, men song og som vokalist for gruppa til Moon Mullican. I 1949 spelte Reeves inn fire låtar for det vesle plateselskapet Macy, men ingen av dei gav suksess.

Tidleg på 1950-talet byrja Reeves som discjockey og nyhendeopplesar i radioen. I starten for KSIG i Gladewater i Texas, men ganske snart flytta han over til KGRI i Henderson og sidan til KVKH i Shreveport i Louisiana. Der vart han vert for showet Louisiana Hayride i november 1952. Seinare same året skulle Hank Williams opptre i dette showet, men han vart hindra, og Reeves sang i staden. Prestasjonen vart straks lagt merke til og førte til at han like etter fekk kontrakt med Abbott Records, der han debuterte med singelen «Mexican Joe» i 1953.[1] Låten steig raskt til førsteplass på hitlistene i USA, der den heldt seg i ni veker. Oppfølgjaren «Bimbo» gjorde det ikkje stort dårlegere seinere same året. Dette la grunnlaget for karrieren som countryartist i åra framover.[1] I åra 1954 og 1955 hadde Reeves fire nr. 1-låtar på hitlistene i USA for plateselskapet Abbott, før han signerte ei ny kontrakt med RCA Records og plateprodusenten Steve Sholes i 1955. Same år vart han medlem av Grand Ole Opry.

Gentleman Jim endre

Det var ved RCA Jim Reeves byrja å eksperimentere med si mjuke karakteristiske barytonstemme og ein mer pop-orientert form for countrymusikk.[1] Han fekk etter kvart tilnamnet «Gentleman Jim». Av instrument brukte han gitar, bass og trommer.

I motsetning til dei fleste andre countryartistar på den tida, distanserte Reeves seg fra cowboy-preget ved å ikkje bruke typiske cowboykostyme når han song. I staden brukte han smokingliknande kostyme. Han var den første countrystjerna som la cowboyhatten på hylla.

I byrjinga møtte Reeves' sin nye profil motstand hos RCA, men godt støtta av produsenten Chet Atkins, løsna det i 1957 med en demolåt om svunnen kjærleik (eigentleg skrive for ei kvinnestemme). Låten «Four Walls» vart ikkje berre ein topphit på countrylistene, men fauk også inn på den nasjonale topp-10 lista for populærmusikk.[1] Med sin nye stil, som snart fikk signaturen «The Nashville Sound», hadde Jim Reeves opna «nye dører» for countrymusikken.

The Blue Boys endre

Jim Reeves danna gruppa The Blue Boys som musikalsk støtte for innspelingane sine. Gruppa hadde eit skiftande mannskap gjennom åra. I byrjinga kalla han gruppa for The Wagon Masters.

Død endre

Gjennom 1950-talet og i starten av 1960-talet hadde Reeves ei rad hitlåtar på listene, både i USA og utanfor. Han sto på toppen av karrieren da han omkom i ein flystyrt 31. juli 1964, samann med pianisten og manageren sin Dean Manuel. Reeves vart rekna som ein god småflypilot (han tok småflysertifikat i 1963) og hadde saman med ein nær kollega og ven leigt eit lite einmotors fly for ei forretningsreise til Arkansas. På veg heim kom dei inn i eit valdsamt uvêr med regn og tore kort tid før landing. Reeves tok kontakt med flytårnet over radio og fortalde om vanskane. Då tårnet få minutt seinare prøvde å kontakte flyet, for å høyre om dei hadde kome seg gjennom uvêret, fekk dei ikkje kontakt. Småflyet styrta mindre enn ti minutt før landing ved Berry Field Airport i Nashville, der dei etter planen skulle ha landa i 17-tida om ettermiddagen. Det gjekk to døgn før redningsmannskapa fann vraket, og begge ombord vart funne omkomne. Meir enn 400 friviljuge, tolv fly og to helikopter var med på leiteaksjonen. Begge dei omkomne vart frakta til Nashville.

Jim Reeves Memorial endre

Etter ei minnestund i Nashville vart lekamen til Reeves flogen til Carthage, der han vart gravlagd ved Central Baptist Church 4. august 1964. Ved gravstaden Jim Reeves Memorial er det plassert ein 3,65 m høg minnestatue over countrylegenden.

Jim Reeves i Noreg endre

På 1960-talet vart Reeves den første amerikanske artisten som selde til gullplate i Noreg. Berre få månadar før han døydde, i april 1964, heldt han sin første og einaste (dobbelt)konsert i Noreg, i Njårdhallen i Oslo.[1] Saman med han var Chet Atkins, Bobby Bare, The Anita Kerr Singers og bandet The Blue Boys. Konserten vart filma av NRK, og har vore vist på fjernsyn ei rekke gongar. Han vart så populær i Noreg at låtane hans heilt fram til nyare tider har vore gjenstand for ei rekke gull- og platinaplater. I 1999 vart det utgitt ei samleplate: Jim Reeves Norske Hits.

I andre verdsdelar endre

I Sør-Afrika var Reeves superstjerne og meir populær enn Elvis Presley. Han spelte også inn eit par album på afrikaans, det første saman med Chet Atkins og Floyd Cramer. I tillegg hadde han ei hovudrolle i den sørafrikanske spelefilmen Kimberley Jim (1963), som var den største produksjonen der fram til då.

Diskografi endre

  • Jim Reeves Sings (Abbott Records, 1954)
  • Singing Down the Lane (1956)
  • Bimbo (1956)
  • Jim Reeves (1957)
  • Girls I Have Known (1958)
  • God Be With You (1958)
  • Songs To Warm The Heart (1959)
  • The Intimate Jim Reeves (1960)
  • According To My Heart (1960)
  • Tall Tales and Short Tempers (1961)
  • Talkin' To Your Heart (1961)
  • A Touch Of Velvet (1962)
  • He'll Have To Go (1962)
  • We Thank Thee (1962)
  • The Country Side Of (1962)
  • In Suid Africa (1962) (på Afrikaans) med Chet Atkins og Floyd Cramer.
  • Jy Is My Liefling (1963) (på Afrikaans)
  • Gentleman Jim (1963)
  • The International Jim Reeves (1963)
  • Good 'N' Country (1963)
  • Twelve Songs Of Christmas (1963)
  • Kimberley Jim (1964)
  • Moonlight and Roses (1964)
  • The Best Of Jim Reeves (1964)
  • Have I Told You Lately That I Love You? (1964)
  • The Jim Reeves Way (1965)
  • Up Through The Years (1965)
  • The Best Of Jim Reeves Vol. II (1965)
  • Distant Drums (1966)
  • Yours Sincerely, Jim Reeves (1966)
  • Blue Side Of Lonesome (1967)
  • A Touch of Sadness (1968)
  • Jim Reeves On Stage (1968)
  • Jim Reeves and Some Friends (1969)
  • Golden Records (1969)
  • The Best Of Jim Reeves Vol. III (1969)
  • Jim Reeves Writes You a Record (1971)
  • A Legendary Performer (1976)

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre