Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad
Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad (OAS) var ein av landets studentsamskipnader og ein av to i Oslo. OAS vart etablert i 1989. Verksemda var bestemt gjennom Lov om studentsamskipnader. OAS åtte, dreiv og tilbaud m.a. studentbustader, barnehageplassar, kantiner, bokhandel, helsestasjon og andre servicefunksjonar for studentane. OAS dekka velferdsbehova til vel 18 500 studentar ved 16 utdanningsinstitusjonar i Oslo og Akershus.
I desember 2009 vedtok styret i OAS å fusjonere med Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), denne avgjerda vart tatt etter ein lengre utgreiingsprosess og eit tilsvarande styrevedtak i SiO. Studentsamskipnadene var effektivt slegne saman og erstatta av den nye Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus i 2011.
Tilslutta institusjonar
endre- Barrat Due Musikkinstitutt
- Den norske balletthøyskole
- Den norske Eurytmihøyskolen
- Norges informasjonsteknologiske høgskole
- Høgskolen i Akershus
- Høgskolen i Oslo
- Høgskolen i Staffeldtsgate
- Lovisenberg diakonale høgskole
- Høyskolen Diakonova
- Politihøgskolen
- Rudolf Steinerhøyskolen
- Markedshøyskolen
- Norsk Gestaltinistitutt
- Folkeuniversitetet i Asker
- Folkeuniversitetet i Bærum
- Folkeuniversitetet i Follo
Studentstyrt
endreDet er studentane som har mest å seie for styringa av studentsamskipnadane. Studentane har fleirtall i samskipnadanes øvste styre, som m.a. fastsett semesteravgifta og kva for tilbod samskipnaden skal ha til sine studentar. Studentrepresentantane i styret veljast av studentdemokratiet ved lærestadane. I tillegg består styret av representantar frå utdanningsinstitusjonane og dei tilsette i studentsamskipnaden.
Studentsamskipnadenes tilbod er finansiert gjennom direktebetaling for enkelte tenester, støtte frå utdanningsinstitusjonane, inntekter frå studentsamskipnadenes forretningsdrift, statsstøtte og semesteravgift.
Administrerande direktør
endre1989 - 1995 Geir Atle Mjeldheim 1996-d.d. John Hvidsten
Styreleiarar
endre- 2010-d.d.: Magnus Hovengen
- 2008-2010: Fredrik Arneberg
- 2005-2008: Anita Solberg
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |