Opna hovudmenyen
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Ein studentsamskipnad er ein privat stiftelseliknande organisasjon som i norsk samanheng er regulert av Lov om studentsamskipnader med tilhøyrende forskrifter.[1][2] Føremålet til organisasjonen er å arbeide for lik rett til utdanning for studentar ved universitet, statlege høgskular, vitskaplege høgskular og andre utdanningsinstitusjonar innan høgare utdanning som er tilslutta ein studentsamskipnad. Organisasjonen tek seg av velferdsbehova til studentar og står for organiseringa av velferdstilbod som studentbustadar, studentkafear, studentbarnehagar, studenthelsetenester, studentidrett og opplysingsverksemd.

OppgåverEndra

Studentsamskipnadane sitt velferdstilbod vert finansiert gjennom ei semesteravgift, direkte statsstønad, stønad og fristasjon frå utdanningsinstitusjonane. Eit overskott i ein studentsamskipnad vert ført attende til drifta, slik at pengane kan nyttast til opprettinga av nye, eller subsidiering eller utbygging av allereie eksisterande velferdstilbod.

StyretEndra

Kvar studentsamskipnad vert leia av eit styre som mellom anna fastset nivået på semesteravgifta og avgjer kva velfredstenester studentane skal få tilbod om. Det øvste studentdemokratiske organet i samskipnaden, ofte eit velferdsting, vel studentar til styret. Studentorganet kan velje at det skal vere studentfleirtal i styret, og det er vanleg å velje ein student til styreleiar. I tillegg består styret av representantar frå utdanningsinstitusjonane og dei tilsette i studentsamskipnaden.

Frå 1939 til 2012 hadde studentane flerital og full råderett over styret, men frå og med januar 2013 vert det krev to tredjedels fleirtal i eit utval styresaker, noko som i praksis vil seie at studentsamskipnadane ikkje lenger er fullt ut studentstyrte.

Studentsamskipnadane står under tilsyn av Kunnskapsdepartementet og Riksrevisjonen.

StudentbustaderEndra

Det er ei vanleg misforståing at studentsamskipnadane har monopol på studentbustadbygging, og at desse vert bygde av samskipnadane sjølve. Det finst ikkje noko studentbustadmonopol, men på grunn av studentsamskipnadane sitt ideelle formål er det berre desse som kan søke Husbanken om statleg tilskott til studentbustadbygging.[3] For å motta statstilskottet må studentbustadane byggast innanfor ei kostnadsramme på kr 700 000 i byar definert som pressområde, og kr 600 000 i andre delar av landet. Det vert give eit tilskott på hensholdsvis kr 250 000 og kr 200 000 dersom byggeprosjektet vert fullført innanfor kostnadsramma.[4]

Studentsamskipnader i dagEndra

I dag finst det 24 studentsamskipnadar i Noreg. Studentsamskipnaden i Narvik fusjonerte med Studentsamskipnaden i Bodø i 2013, og Studentsamskipnaden i Oslo fusjonerte med Oslo- og Akershusstudentenes studentsamskipnad i 2011. Den fyrste studentsamskipnaden, oppretta ved lov i 1939, var Studentsamskipnaden i Oslo.

Tidlegare studentsamskipnadarEndra

ReferansarEndra