Opna hovudmenyen

Oslo Taxi (tidlegare Den Kommunale Bilcentral) er ein drosjesentral som utfører sentralfunksjonar for drosjeeigarar med løyvetilknytning i Oslo Taxi. Oslo Taxi blei etablert i 1921 under namnet Den Kommunale Bilcentral og er i dag Skandinavias største drosjesentral. Sentralen er i dag òg Noregs fjerde største foretak innan persontransport målt i passasjerar. Føretaket transporterer årleg nesten 15 millionar passasjerar i Oslo og Akershus. Heile konsernet utgjer i dag ca. 200 tilsette og har tilknytt ca. 2 900 sjåførar (inkl. eigarar) og 1 388 køyretøy.

BakgrunnsstoffEndra