Oslofjordens Friluftsråd

Oslofjordens Friluftsråd (OF) vart skipa i 1933 på eit møte der ordførarane frå dei fleste kommunane langs kysten frå svenskegrensa til Telemark tok del saman med båtforeiningar og andre organisasjonar som hadde interesse i trygge at ålmenta fekk tilgang til strandareal, og at vassforureininga skulle reduserast og ta slutt. Kystkommunane og fylkeskommunane er medlemer i organisasjonen saman med om lag 60 brukarforeiningar. Einskildpersonar kan melde seg inn som støttemedlem, og får i tillegg til å støtte opp om arbeidet, føremoner som rabatt på fritidshytter som organisasjonen disponerer til utleige, og kan gjere seg nytte av gunstige tilbod på kjøp av kart, bøker og anna.

Då organisasjonen vart skipa, var det mange som otta seg over at det skulle verte stendig verre for folk flest å kunne nytte Oslofjorden og strandareala kring fjorden til friluftsliv og båtliv, då den aukande utbygginga med hus og hytter i strandsona, og den aukande forureininga av vatnet som kom frå industrien og frå kloakksystema og andre tilhøve la hindringar i vegen. Sida 1930-åra har Oslofjordens Friluftsråd soleis hatt som si viktigaste oppgåve å syte for at ålmenta fekk tilgang til strender, svaberg og holmar ved å kjøpe areal eller få avtaler med grunneigarar om bruksrettar. Spesielt har rådet fått mange avtaler med Forsvaret om å nytte deira grunn i fredstid. Soleis har rådet vore med på å trygge at over tjue tusen dekar langs Oslofjorden har vorte friluftsområde. Mykje av dette ligg på fastlandet eller har samband med fastlandet, men mange av areala er fyrst og fremst lagt til rette for dei som nyttar fritidsbåtar og kan nå dei på denne måten. Forvaltninga og drifta av areala er det hovudsakleg organisasjonen Skjærgårdtjenesten som tek seg av, som Oslofjordens Friluftsråd yter økonomisk stønad til, og har sekretariatet for.

På somme av friområda, særleg i Indre Oslofjord, ligg det frå før bygningar som med tida har vorte teke i bruk som fritidshus, såkalla kystledhytter, og kvart år er det meir enn 4000 som vitjar desse hyttene.

I og med at Oslofjorden Friluftsråd er interesseorganisasjon for friluftslivet, er organisasjonen høyringsinstans for planer og politiske saker som har med friluftslivet å gjere. Ein viktig faktor i arbeidet har òg vore innsatsen for Friluftsloven og for at allemannsretten i utmark ikkje vert svekka. På fritt grunnlag taler dessutan organisasjonen friluftslivets sak overfor Stortinget og departementa. Till dømes er det framleis ei aktuell sak å arbeide for minska forureining, sjølv om kvaliteten på vatnet i fjorden har betra seg vesentleg etter dei tiltaka som er gjort.

Bakgrunnsstoff endre

Oslofjordens Friluftsråds internettsider