Oslogjengen
Oslogjengen var ei motstandsgruppe i Noreg under andre verdskrigen som dreiv sabotasjeverksemd i perioden 1943 til 1945.
Namn | Fødd/død | Merknad | Dekknamn | Anna merknad |
---|---|---|---|---|
Gunnar Sønsteby | 1918 - 2012 | leiar | "Kjakan", "Nr.24" | |
Andreas Aubert | 1910 - 1956 | |||
Viggo Axelssen | 1912 - 1982 | |||
† Gregers Gram | 1917 - 1944 | "Karl Johan" | Drept i bakhaldsåtak på Plasskaféen, 13. november 1944 | |
Henrik Hop | 1918 - 1988 | |||
William Houlder | 1917 - 1984 | |||
Max Manus | 1914 - 1996 | "Tollef", "Nr.12" | ||
Martin Olsen | 1920 - 1979 | |||
Arthur Pevik | 1915 - 1974 | |||
Birger Rasmussen | 1920 - 2007 | |||
† Tor Stenersen | 1917 - 1944 | Arrestert 1943, skoten under fluktforsøk. | ||
† Edvard Tallaksen | 1918 - 1944 | Finn | Tatt til fange under bakhaldsåtaket på Plasskaféen 13. november 1944;
tok sjølvmord på Akershus festning to veker seinare for å ikkje røpe noko om motstandsrørsla under tortur. |
Gruppa stod for fleire militære oppdrag under krigen. Mellom anna "Operasjon Mardonius" (1943) og aksjonen mot Arbeidstenesta sine lokale i Oslo (1944). Manus og Gram dreiv òg propagandaverksemd gjennom «Operasjon Derby» og åtak på tyske skip gjennom «Operasjon Bundle». Oslogjengen stod òg for likvidasjonen av sjefen for tryggingspolitiet i Noreg, Karl A. Marthinsen, 8. februar 1945. Denne likvideringa vart utført av gruppeeininga «Buzzard», som bestod av Aubert og Hop[2]
Då kongefamilien kom tilbake til Noreg 7. juni 1945, fekk Oslogjengen ansvar for tryggleiken deira. Dette vart påskjønna med H.M. Kongens Erindringsmedalje med spenne «1940–1945». Gram, Stenersen og Tallaksen vart alle påskjønna med Krigskrossen med sverd post mortem.
Kjelder
endre- ↑ ISBN 82-458-0714-1 Christensen, Jan (2008) Oslogjengen - Europas beste sabotørgruppe, Orion forlag, Oslo
- ↑ Frå dokumentarfilmen Strengt hemmeligs nettside, arkivert frå originalen 2. februar 2010, henta 12. mai 2012