Oslorapporten var og er eit døme på spektakulære lekasjar når det gjeld militær etterretning. Rapporten vart skriven av ein tysk matematikar og fysikar, Hans Ferdinand Mayer, i byrjinga av november 1939 under ei reise til Oslo i Noreg. Han inneheld nøyaktig informasjon om tyske våpensystem som fantest då, og om vidare planar for slike.[1]

Mayer sende rapporten anonymt til den britiske ambassaden i Oslo, som vidaresende han til MI6 i London for vidare analyse. Rapporten viste seg å vere særs verdifull for britisk utvikling av elektroniske mottiltak, spesielt innan radarteknologi som støtte til navigasjon og målfatting. Denne informasjonen var avgjerande for å vinne Slaget om Storbritannia.[2]

Referansar

endre
  1. R.V. Jones. Air Scientific Intelligence Report No. 7, The Edda Revisited, 17 July 1940. Churchill Archives Centre, Cambridge University, Reginald Victor Jones Papers, RVJO B.24
  2. West, Nigel (1983). MI6: British Secret Intelligence Service Operations, 1909-45. Random House. ISBN 0-394-53940-0. 

Kjelder

endre