Opna hovudmenyen
Dei syriske provinsane i den osmanske tida.

Sør-Syria (سوريا الجنوبية, Suriyya al-Janubiyya) er den sørlege delen av regionen Syria, òg kjend som Levanten.

Historisk sett kan Sør-Syria på arabisk omfatte støtte for Stor-Syria-nasjonalismen i samband med kongedømet som vart lovt hashemittdynastiet til Hejaz av britane under fyrste verdskrigen. etter krigen prøvde hashemittprinsen Faisal å opprette ei storsyrisk eller pan-Mashriq-stat - eit samla kongedøme som ville ha omfatta Syria, Libanon, Israel, Jordan, Palestina, Kuwait og Irak, men vart hindra av lovnader britane hadde gjeve andre grupper (sjå Sykes–Picot-avtalen), som førte til at Frankrike oppretta mandatet for Syria og Libanon i 1920. Gjennom den osmanske periode, før fyrste verdskrigen, vart Levanten administrert og lokalt rekna som ei eining.

Bruken av Sør-Syria var vanleg tidleg på 1900-talet[1] og vert framleis stundom nytta i politikk, litteratur og lokalhistorie.[2][3]

I følgje referat frå det niande møtet til Folkeforbundet sitt permanente mandatråd vart «Sør-Syria» foreslått som namnet på mandatmakta Palestina på arabisk.[4]

KjelderEndra

  1. Communication from the Arab Revolt in South Syria-Palestine (arabisk)
  2. Jewish colonies on our land in South Syria-Palestin, SSNP, 5th mars, 2009 (arabisk)
  3. Palestina for the Syrians?, Daniel Pipes, Dec. 1986
  4. League of Nations, Permanent Mandate Commission, Minutes of the Ninth Session (Arab Grievances), Held at Geneva from June 8th to 25th, 1926,

BakgrunnsstoffEndra