Beinfiskar

(Omdirigert frå Osteichthyes)

Beinfiskar (Osteichthyes) er ein overklasse ryggstrengdyr som omfattar alle fisk med forbeina skjelett. Me delar han inn i to klassar ut frå korleis finnane er bygd opp; kjøtfinnefiskane har finnemusklane integrert i sjølve finnane medan strålefinnefisk berre har dei ved finnerøtene. Dei fleste beinfiskane høyrer til teleostane.

Beinfiskar
Paradisfisken Macropodus opercularis
Paradisfisken Macropodus opercularis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Huxley, 1880

Tidlegare rekna ein beinfiskane som eigen klasse, men ein har seinare komme fram til at dette er  systematisk unøyaktig. Sidan ein normalt ikkje reknar tetrapodane (amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr) med i ho, vert gruppa parafyletisk. Omgrepet er likevel mykje i bruk, både i og utanfor fagmiljø.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.