Ryggstrengdyr
Laks (Salmo salar)
Laks (Salmo salar)
Systematikk
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Bateson, 1885

Ryggstrengdyr (Chordata) er ei dyrerekkje som omfattar virveldyr og dei nærmaste virvellause slektningane, kappedyr og lansettfiskar. Av utdøydde representantar kan conodontane nemnast.

Ryggstrengdyra har namnet sitt etter ryggstrengen (chorda dorsalis eller notokord). Dette er ein elastisk støttestav som ligg over tarmkanalen. Funksjonen er sannsynlegvis å halde lengda til dyret konstant under rørsle, noko som kan forklare korfor ringmuskellaget (som oppstod i stamarten til bilateriane) gjekk tapt, i og med at dette muskellaget hadde same funksjon. Ryggstrengen er hos pattedyr berre bevart som små væskefylte «puter» i brusken i mellomvirvelskivene. Over ryggstrengen ligg ryggmergen, som på dette stadiet blir kalla nevralrøyret, fordi det bli danna som eit einskilt væskefylt røyr. Opphavet til dette røyret er usikker, men ein teori går ut på at røyret har opphavet sitt i ei fjern larveform kledd med ciliehår. Med unntak av einskilde hemichordatar er dette eit trekk ryggstrengdyra er åleine om, og som har gjort ei sterk utvikling av nervesystemet mogleg.

Ryggstrengdyr deler nok ein eigenskap med dei fleste hemichordatar, men ingen andre nolevande dyr, Det er ein gjelletarm med gjellespalter. Korleis gjelletarmen oppstod, er ikkje kjent, men før han tok til å ta seg av gassutvekslinga mellom dyret og omgjevnaden som ein tilleggsfunksjon, var rolla å filtrere vatnet for næringspartiklar. Dette tyder på eit levesett som viser at forfedrane til ryggstrengdyra stort sett levde som passive filtrerarer. Dette gjeld truleg for heile stamforma til deuterostomiane. Hos einskilde ryggstrengdyr finst det ei innvendig bukfure ventralt i gjelletarmen, endostyl. Det er ei ciliekledd og slimproduserande renne som speler ei viktig rolle ved filtreringa av partiklar frå vatnet. Hos hemichordatane har nokre artar ei byrjing på denne strukturen, som er fullt til stades hos kappedyra og lansettfiskane. Også hos niaugelarver finst det ein tilsvarande struktur, men det er ikkje heilt sikkert om dette er eit opphavleg trekk eller om det har oppstått sekundært. I alle fall viser den felles funksjonen av denne bukfura hos såpass ulike grupper at ho er eit opphavleg trekk ved bygningen til ryggstrengdyra. Hos resten av medlemmene av Chordata er denne anatomiske detaljen blitt vidareutvikla til skjoldbruskkjertelen.

Ein annan særmerkt eigenskap ved ryggstrengdyra er at anatomien er snudd opp–ned i høve til andre bilaterale dyr. Dette gjer at nervesystemet ligg på ryggsida og blodkarsystemet på buksida, stikk motsett av kva som er tilfellet hos andre dyr. Ei mogleg forklaring er at ein stamart ein gong i fjern fortid tok til å leve «med buken i veret», utan at det er kjent korfor.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ryggstrengdyr