Oter (norrønt Ótr) er ein dverg i norrøn mytologi. Han er son av Reidmar og bror til Fåvne og Regin.[1] Han er omtalt i eddadiktet Reginsmål[2] og i Volsungesoga.[3]

Oter på Ramsund-utskjeringa i Södermanland frå ca. 1030

Oter er ein hamskiftar som kan ta form som ein oter. Medan han er i denne tilstanden blir han drepen av Loke, som er i lag med Odin og Høne. Reidmar tek æsene til fange og krev bot for drapet på sonen. Loke fangar dvergen Andvare og tek gullet hans, som mellom anna omfattar ein armring som kan laga nytt gull. Som svar forbanna Andvare ringen. Gullskatten har ei viktig rolle i soga om Sigurd Fåvnesbane.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Jan Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller: Norrøne myter og sagn (Gyldendal Fakta 1999) ISBN 82-05-25546-6
  2. Den eldre Edda, Reginsmål, vers 1-5
  3. Volsungesoga, kap. 14