Othello
Othello (fullstendig tittel The Tragedy of Othello, the Moor of Venice) er eit tragisk drama av William Shakespeare som truleg blei skrive om lag 1603. Tema som kjærleik, sjalusi, truskap, forræderi og rasisme har gjort stykket aktuelt og populært over lang tid, og det blir stadig nyoppsett. Othello har også inspirert opera og, film.
The Tragedy of Othello, The Moor of Venice | |||
| |||
Forfattar(ar) | William Shakespeare | ||
---|---|---|---|
Språk | tidlig moderne engelsk | ||
Tilverting | 1604 | ||
Sjanger | tragedie | ||
Utgitt | 1622 |
Stykket byggjer på den italienske novella «Un Capitano Moro» ('Ein maurisk kaptein') av Cinthio. Handlinga går føre seg i republikken Venezia og tek for seg tilhøva mellom den mauriske generalen Othello, kona hans Desdemona og Othello sine rådgjevarar Cassio og Iago.
Den første kjende oppføringa av dramaet fann stad 1. november 1604 i Banqueting House i Whitehall i London. Manuset blei først gjeve ut av Thomas Walkley i 1622, og var med i skodespelsamlinga First Folio i 1623.
Galleri
endre-
James Earl Jones framfører ein monolog frå Othello i 2009.
-
Othello og Desdemona (1829) av Alexandre-Marie Colin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Othello» frå Wikipedia på engelsk, den 27. august 2014.
Bakgrunnsstoff
endre
Teksten til Othello ved Wikisource. |
- Ulike essay om Othello ved det svenske Shakespearesällskapet