Oto Janovitsj Grigalka (28. juni 19258. februar 1993) var ein latvisk friidrettsutøvar som tevla for Sovjetunionen. Han deltok både i kulestøyting og diskoskasting.

Oto Grigalka
Statsborgarskap Latvia, Sovjetunionen
Fødd 28. juni 1925
Madona
Død

8. februar 1993 (67 år)
Madona

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Ærestegnets orden

Aktiv endre

Grigalka tok bronsemedaljen i kulestøyt ved europameisterskapen 1950. Under dei olympiske leikane 1952 i Helsinki enda han på fjerdeplass i kulestøyt og sjetteplass i diskoskast. I eit stemne på den same bana i slutten av juni 1954 sette han personleg rekord i kulestøyt med 17,20 meter[1]. To månader seinare vann han sølv i øvinga ved EM i Bern, klart slått av storfavoritten Jíři Skobla. Under Sommar-OL 1956 vart Grigalka femtemann i diskoskast.

Grigalka var sovjetmeister i kulestøyt tre år i rad, 1952-54, og fire år i rad i diskoskast, 1953-56. Tidleg i oktober 1958 forbetra han i Kharkov den sovjetiske rekorden i diskoskasting til 56,94 meter[2].

Grigalka var gift med Marija Pisareva, høgdehopparen som vann OL-sølv i 1956. Han døydde i ein landsby i Madona kommune i heimlandet Latvia.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Notar endre